Milliardinvesteringar i reiseliv for Flakk
Utvidinga av Union Øye er ferdig og hotellet klar for «grand opening». Neste år står Storfjord Hotel for tur.
Flakk-konsernet med base i Ålesund har i løpet av dei siste åra
investert meir enn 400 millionar i utviding av Brosundet Hotel i Ålesund
og Hotel Union Øye i Norangsdalen.
Dei neste åra vil dei truleg investere like mykje i nye hotell på Hellesylt og Ljøen - og utviding av Storfjord Hotel på Glomset. Om Sula-politikarane seier ja til planane om gondol til toppen av Sulafjellet, blir det plussa på minst 400 millionar kroner til konsernets reiselivsnvesteringar på Nordvestlandet.
Eit forsiktig anslag tilseier at dei samla investeringane i regionen, vil summere seg til kring 1,5 milliardar kroner over ein tiårsperiode. Då er sightseeing-selskapet 62° Nord og Helikopter Nord halde utanfor.
Opnar snart dørene – treng tilsette
Hotel Union Øye er siste investering som er klar. Om få dagar opnar det
herskaplege trehotellet frå 1891 dørene for sesongen etter ei omfattande
utbygging og oppgradering.
Hotelldirektør Mariann Øye har hektiske dagar og er nettopp ferdig med ei innkøyringsveke for dei tilsette med kursing og trening.
– Det blir «grand opening» første helga i juni, fortel ho til NETT NO.
Som hotellbransjen elles, opplever dei at det er tøft å få tak på tilsette.
– Vi manglar fortsatt 12 tilsette, men alt går og det ordner seg for
snille jenter. Så eg håpar eg har vore snill, legg hotelldirektøren til
med ein latter.
(saka held fram under)
Investering på meir enn 200 millionar
Mariann Øye kryssar fingrane for at dei landar på beina og at deira
nyvunne status som medlem i den eksklusive Relais & Châteaux-kjeda
skal bidra til å lokke fleire til å søke til seg hotelljobb i
Norangsdalen.
Ho har tidlegare fortald til NETT NO korleis hotellsatsinga også er eit slags bygdeutviklingsprosjekt. Målet er heilårs hotelldrift og fleire tilflyttarar til Øye. Fleire familiar har allereie flytta til bygda.
I fjor sommar stod første del av utvidinga klar. Når hotellet opnar
dørene for sommaran har dei fått betydeleg fleire rom og suiter, fleire
fellesbygg og nytt konferanse/festlokale med glastak.
(saka held fram under)
Stenger Storfjord for utviding
Storfjord Hotel på Glomset er neste Flakk-hotell som skal utvidast.
– Vi har jobba ganske lenge med prosjektering og planlegging. Etter sesongen neste år startar bygginga, og då vil hotellet vere stengt i halvanna år, fortel Flakk til NETT NO.
Sjølve byggearbeidet skal starte september 2023, og kjem så tett inntil eksisterande hotellbygningane at det ikkje vil vere mogleg å drifte samtidig. Om alt går etter planen opnar eit nytt og større Storfjorden-hotell i 2025.
Flakk vil ikkje no gå i detalj om kor store investeringane er på.
– Men det vil iallfall vere like mykje som er investert her til no, seier han.
Flakk-konsernet eig også Brosundet Hotel i Ålesund der det vart
investert kring 200 millionar kroner i samband med oppsussing og kjøpet
av Bryggen-hotellet vegg-i-vegg.
(saka held fram under)
Basecamp først i løypa på Hellesylt
Det familieeigde konsernet er også i gong med nye hotellprosjekt på Hellesylt og Ljøen.
På Ljøen er det planar om eit luksushotell teikna av Snøhetta med utsikt mot Geirangerfjorden. Nede i Hellesylt-bygda vil Flakk bygge eit enklare Basecamp-hotell.
– Det som ligg først i løypa til å bli realisert på Hellesylt er Basecamp-hotellet. Deretter kjem Ljøen etterpå, fortel Flakk.
Jobbar med storsatsing i Oslo
Reiselivssatinga til Ålesund-selskapet avgrensar seg ikkje til Nordvestlandet. I fjor blei det kjent at familien har vore med på kjøpet av den historiske eigedomen St. Olavs gate 32 i Oslo for 345 millionar kroner.
Hovudbygget på 5000 kvadratmeter i nabolaget til slottet, har husa både Norges Geografiske Oppmåling, Statistisk Sentralbyrå og kunstakademi. Planen er å utvikle eigedomen til hotell, som også kan fungere som ei innlagt overnatting for reisande til dei andre hotella på Sunnmøre.
– Vi har begynt å jobbe med dette prosjektet, men her trengs det omreguleringar og mykje må godkjennast før vi kjem i gong, fortel Flakk.
Publisert: 20.05.2022 11:14
Sist oppdatert: 20.05.2022 19:46