Kort fortalt

Stort hopp i blåkveite-eksporten

Nærmar seg 5.000 tonn hittil i år.

NPK
23.07.2021

Det er ein auke på over 50 prosent i eksporten av blåkveite i år, opplyser Råfisklaget.

Fisket etter blåkveite starta tidlegare enn vanleg, for å gjere det lettare for fiskeindustrien å skaffe arbeidskraft, opplyser Råfisklaget på sine nettsider. Det var Fiskeribladet som først omtalte saka.

Direktefisket etter blåkveite for kystflåten under 28 meter starta 15. mai med ein periodekvote på 4700 tonn. Den første perioden vart stansa 6. juli, og totalt 300 båtar tok del i fisket.

Hittil i år er det landa totalt 4696 tonn blåkveite, inkludert bifangsten som vart teken før fisket starta.

– Det er gledeleg å sjå at det er eksportert over 50 prosent meir blåkveite i år, seier marknadssjef Synne Gulbrandsen i Råfisklaget. Ho meiner det er eit stort uutnytta potensial i det norske blåkveitefisket, når over 95 prosent av eksportert verdi kjem frå frose råstoff.

Trass i den kraftige eksportauken, så viser eksporttala ein nedgang på rundt ti prosent i verdi.

Andre periode av blåkveitefisket startar 9. august.

Publisert: 23.07.2021 11:57

Sist oppdatert: 23.07.2021 11:59