Stort minus for Halsebakk-satsing
Tilførte friske pengar til Sandsøya-prosjekt.
2022 var det første som likna på eit normalår for Rosenlund Hamn – satsinga med hotell og matservering på Sandsøya.
Årsrekneskapen for 2022 viser eit underskot på nær 6,5 millionar av ei omsetning på 4,1 millionar (sjå tabell).
Tall i millioner kroner | ||
Rosenlund Hamn | ||
2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 4,1 | 1,9 |
Driftsresultat | -6,48 | -1 |
Resultat før skatt | -6,49 | -1 |
Selskapet blir leia av Anja Mek Halsebakk, dotter til brønnbåtreiar Roger Halsebakk. Familien sitt investeringsselskap Ronja Capital står bak satsinga og eig alle aksjane i selskapet.
Familien har satsa kring 100 millionar kroner på å bygge opp plassen, og tilførte nye 10,6 millionar i konsernbidrag i løpet av fjoråret.
Selskapet hadde ved utløpet av året eigenkapital på 4,3 millionar og langsiktig gjeld på 2,1 millionar kroner.
I snitt var det ni årsverk i arbeid i løpet av fjoråret.
Publisert: 24.07.2023 14:39
Sist oppdatert: 24.07.2023 14:39