NPK-NTB: Regjeringa har utlyst 87 blokker i tildelinga i førehandsdefinerte område (TFO) i år. Berre i Barentshavet er det 53 blokker, den største utlysinga nokon gong.
TFO-utlysinga gjeld «modne» område med kjent geologi og infrastruktur.
omfattar førehandsdefinerte område med til saman 87 blokker. Av desse ligg 34 i Norskehavet og 53 i Barentshavet. Utvidinga omfattar blant anna blokker vest i Norskehavet og område ved funna Wisting, Alta og Gohta i Barentshavet.
– Å tilby oljeselskapa nye leitemoglegheiter i eit føreseieleg og høgt tempo er ein berebjelke i petroleumspolitikken til regjeringa. Utvidinga av TFO-området for TFO 2017 er den nest største nokon gong og den største som har vore i Barentshavet. Dette er avgjerande for god ressursforvalting, seier olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp).
– Utlysinga av TFO 2017 viser at vi følgjer opp petroleumspolitikken og havstrategien til regjeringa. Utvidinga vil bidra til auka sysselsetting, aktivitet og verdiskaping frå våre havområde, fortset han.
Søknadsfristen er 1. september, og tildeling er venta å skje i første kvartal 2018.

Publisert: 02.05.2017 15:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42