DNB har i ein reklame brukt eit bilete der ein person står utanfor tryggingssona på Flydalsjuvet i Geiranger. Det får Stranda-ordføraren til å rase.
– Like sikkert som det blir sol og sommar skjer det at vi får desse tøvete oppslaga, med folk som er avbilda ytst på Flydalsjuvet, seier ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad til NRK. Han har refsa organisasjonar og bedrifter dei siste tre-fire åra for å bruke dette motivet.
Viss ein dett utfor Flydalsjuvet i Geiranger, er det 150 meter ned til bakken.
– Det er livsfarleg. Det er frykteleg farleg å bevege seg ut på denne kanten, seier Tryggestad.
Vidar Korsberg Dalsbø i DNB seier det har skjedd ein glipp frå deira side, og at dei skal sørgje for at desse bileta blir fjerna.
– Her har vi brukt bilete frå ein database, utan å gjere ein god nok sjekk før vi publiserte det. Ein har sett at det var eit fint naturbilete, utan å tenkje på konsekvensane. Det burde vi ha gjort, seier Dalsbø til NRK.
Publisert: 14.06.2021 12:29
Sist oppdatert: 14.06.2021 12:30





