Den nye kommunalministeren Sigbjørn Gjelsvik (Sp) vil mjuke opp i strandsona og la kommunane overstyre statlege reguleringar, spesielt i distrikta.
Summen av vernet rundt strandsona, kulturminne og myr, og dessutan reguleringar for flaum- og rasfare, har gjort det for vanskeleg å skape utvikling i distrikta, meiner Gjelsvik. Han vil gi kommunane meir fridom til å gjere eigne vurderingar om kvar folk og bedrifter skal få byggje, seier han.
– Mange av reglane er utforma med bakgrunn i situasjonen i pressområda rundt dei største byane. Vi treng ei differensiering av til dømes strandsonevernet, som gjer at kommunane bestemmer meir sjølv, og som er meir tilpassa dei ulike behova rundt om i landet, seier han til Klassekampen.
Gjelsvik seier han har fått tilbakemeldingar på at handlingsrommet er for lite i dag.
– Mange stader er det ikkje stort press som er utfordringa, men å få folk til å busetje seg og skape aktivitet. Det er for lite press mange stader.
Det er i utgangspunktet forbode å byggje i landområdet som ligg innan 100 meter frå strandkanten. Gjelsvik vil at regelen i nokre tilfelle skal mjukast opp.
Publisert: 20.04.2022 07:37
Sist oppdatert: 20.04.2022 07:38





