Kort fortalt

Støttar småbutikkar

40 får butikkstøtte.

17.03.2017
NPK: Førti av dei minste nærbutikkane her i landet kan i år sjå fram til eit statleg tilskot på 100.000 kroner kvar. Støtta er ein del av det statlege Merkur-programmet.
– Nærbutikken er ein viktig samlingsplass i distrikta og avgjerande for levande lokalsamfunn fleire plassar, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.
Det er som står bak det statlege butikkstøtte-programmet.
Også bokhandlarar i Distrikts-Noreg kan få støtte til utvikling som sosiale og kulturelle møteplassar.
Dei fire siste åra har distriktsbutikkane til saman fått 177 millionar kroner i statleg støtte til investeringar. I fjor var interessa for modernisering så stor at Merkur-programmet måtte setja søknadsstopp i november, fortel departementet.
Iveren etter å fornya distriktsbutikkane er størst Nordland, Hordaland og Møre og Romsdal. Mesteparten av pengane blir brukt til oppussing av butikkane, med nye kjølediskar, frysarar og butikkdata.
– Nokre butikkar har behov for å utvida eller pussa opp lokalet, medan andre satsar på å byggja ut kaffikroken som ein møtestad for bygda, skriv departementet.

Publisert: 17.03.2017 23:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42