Kort fortalt

Støtte til el-hurtigbåtar

Elektriske hurtigbåtar får nye 40 millionar kroner

NPK
07.04.2022

Vestland, Troms og Finnmark, Rogaland og Trøndelag får 40 millionar kroner for å kutte klimagassutslepp og omstille til hurtigbåtar utan utslepp.

Rundt 80 hurtigbåtar er ein del av kollektivtrafikken i fylkeskommunane. Dei er viktige for transportsystemet langs kysten, men er òg energikrevjande.

– Noreg må redusere utslepp av klimagassar i alle sektorar på land og sjø for å nå klimamåla. Det er flott å sjå stort engasjement for å få hurtigbåtar utan utslepp. Hurtigbåtprogrammet gir viktig draghjelp i arbeidet i fylka, seier avdelingsdirektør Siri Sorteberg i Miljødirektoratet.

Potensialet for utsleppskutt for hurtigbåtar vart estimert til rundt ein halv million tonn CO2 fram mot 2030. For å få til utsleppsreduksjonane er Noreg avhengig både av politisk ambisjon, finansiering og teknologisk utvikling.

Publisert: 07.04.2022 08:10

Sist oppdatert: 07.04.2022 08:11