Kort fortalt

Støtte til studentgründarar

25 millionar kroner skal delast ut.

14.04.2016
(NPK-NTB): Studentar som går med ein gründer i magen, kan for første gong søke støtte frå Forskingsrådet. Rådet har 25 millionar til disposisjon i ei ny tilskotsordning.
Målet med ordninga, som har fått namnet StudENT, er «fleire entreprenørar og nye suksessbedrifter basert på idear frå studentar», skriv .
– Vi ønskjer at fleire studentar brukar kunnskapen dei har fått gjennom utdanninga til å bli grunderar, seier næringsminister Monica Mæland (H), som lanserte StudENT saman med forskingsrådets direktør Arvid Hallén onsdag.
– Vi har fleire gode eksempel på norske bedrifter som er starta av studentar, men vi trur det er eit større potensial her. Vårt håp er at ordninga skal bidra til at fleire får moglegheita til å realisere gode idear og skape nye bedrifter, seier Hallén.
Gjennom StudENT kan grunderar som nettopp har fullført ein mastergrad, få inntil 1 million kroner på eit år. Pengane skal brukast til å jobbe fulltid med å realisere ein idé, og dei kan brukast til både lønn og utviklingskostnadar. I år er det søknadsfristar i mai og oktober, og ifølge av ordninga, er inntil 25 millionar kroner tilgjengeleg i år. (©NPK)

Publisert: 14.04.2016 08:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47