Kort fortalt

«Succession»-innspeling på Sunnmøre

Skal mellom anna filme ved Juvet.

NPK
01.09.2022

(NPK): Ein episode av TV-serien «Succession» skal spelast inn på Sunnmøre, blant anna på Juvet landskapshotell, melder Bergens Tidende.

Det er frå før kjent at HBO-serien har søkt Norsk filminstitutt (NFI) om få pengar frå den statlege insentivordninga for film for å spele inn delar av fjerde sesong i Noreg. Gjennom ordninga kan ein få refundert inntil 25 prosent av godkjente kostnader til produksjonen. Formelt får dei ikkje svar på søknaden før i månadsskiftet januar-februar, men no meiner altså Bergens Tidende å ha kjelder for at alt er klart for innspeling på Sunnmøre om ein månads tid.

Nasjonal filmkommisjonær Meghan Beaton vil ikkje kommentere prosessen, men seier ei slik innspeling vil ha stor betyding for norske bedrifter og arbeidstakarar landet over. Ho fortel også at det er enorm interesse for Vestlandet og Noreg som innspelingsstad.

HBO- serien er eit satirisk drama og har vunne fleire Emmy-prisar.

(©NPK)

Publisert: 01.09.2022 10:14

Sist oppdatert: 01.09.2022 10:16

Mer om