Nordsjøen film eelume innfelt egil haugsdal foto fantefilm kristin vidhammer 11
PÅ STORT LERRETT: Maritim teknologi fra Kongsberg-gruppen blir vist fram i en nye norske kinofilmen. Tirsdag ønsker Kongsberg Maritime-sjef Egil Haugsdal velkomen under en visning av filmen i Fosnavåg. Foto: Fantefilm/Kristin Vidhammer
Nytt

Skaper merksemd om maritim industri

Slangerobot spelar helterolla i ny katastrofefilm. Om lag slik håpar Kongsberg Maritime-sjefen at teknologien kan bidra i det grøne skiftet.

Marius Rosbach
26.10.2021

Tysdag samlar Kongsberg Martime kundar og samarbeidspartnarar i Fosnavåg til ei førpremiere på kinofilmen «Nordsjøen».

Den siste katastrofefilmen frå selskapet Fantefilm har retta blikket mot kontinentalsokkelen. Utan å avsløre for mykje av handlinga, kan vi seie at ein slangerobot utvikla av oppstartsselskapet, Eelume, spelar ei avgjerande rolle med å hjelpe menneska i kampen mot øydeleggingar.

Sjølv om handlinga er dyster, synest Kongsberg Maritime-sjef Egil Haugsdal merksemda kring den maritime teknologien er storvegs.

I kveld stiller Haugsdal på scena i Fosnavåg for halde velkomsttalen under den lukka visninga.

– Først og fremst er det hyggeleg å kunne samlast igjen, fortel han på telefon frå Ulsteinvik til NETT NO.

Haugsdal påpeiker at det er lenge sidan dei har hatt sjansen til å samle folk som dei gjer no. Kongsberg har også hatt ein rekke visningar av filmen for tilsette rundt om i landet.

(saka held fram under)

Nordsjøen film eelume skjermdump eelume på youtube 11
UNDERVASSOPERASJONAR: Slik ser Eelume føre seg at dei modulbaserte undervassdronene kan stasjonerast under vatn over lengre perioder for vedlikehald på store djupner. Skjermdump: Eelume på Youtube

Allereie skapt stor merksemd
På ein rekke nettstader har robotslangen i filmen allereie skapt merksemd om verksemda til Trondheims-selskapet Eelume, der Kongsberg Maritime er hovudeigar. Den vanlege premieren er først til helga.

– Filmen gjer synleg havromteknologi og -løysingar som er tilgjengeleg, påpeiker Haugsdal og viser til Norges leiande posisjon i ein rekke maritime næringar.

– Vi står framfor eit skifte i verda, der Kongsberg og Norge kan gjer ein stor skilnad med nye løysingar som skal hjelpe oss, seier han.

Haugsdal har sett store delar av filmen allereie, og innrømmer at den på nokre område går lengre enn teknologien kan førebels.

– Men den viser korleis teknologi kan hjelpe om ei katastrofe skjer, legg han til.

Filmen gjer synleg havromteknologi og -løysingar som er tilgjengeleg
Egil Haugsdal

Modulsystem
Namnet Eelume er sett saman av dei engelske orda for ål - «eel» og lys «lume». På fagspråket blir den omtala som ROV (remotely operated vehicle - eller undervassdrone. Framdrifta er thrustarar montert på utsida.

Den er sett saman av modular som kan skiftast ut, og ser ut som ein slange. Den kan bevege seg under vatn på store djupner og vanskeleg tilgjengelege plassar. Slik kan den til dømes drive inspeksjon.

Ein drone som ser svært lik ut som filmversjonen, er utvikla i samarbeid med Equinor og skal etter planen bli nytta til undervassoperasjonar.

(saka held fram under)

Nordsjøen film eelume skjermdump kongsberg gruppen på youtube 11
PÅ «VERKELEG»: Slik ser ein mindre utgåve av undervassdrona ut i ein Youtube-video Kongsberg Gruppen har laga om nyvinninga. Skjermdump: Kongsberg Gruppenpå Youtube
– Meir optimisme

Kongsberg Maritime-sjefen fortel at han opplever auka optimisme både i marknaden og mellom dei tilsette, etter at pandemien har sett mykje på vent.

– Mitt inntrykk er at vi står saman om å møte moglegheitene og utfordringane som ligg framfor oss, og at stemninga er prega av meir optimisme, fortel han.

Førstkomande fredag kjem Kongsberg-konsernet med kvartalsrapport, som vil vise om pilene peikar oppover også der.

Publisert: 26.10.2021 16:40

Sist oppdatert: 26.10.2021 16:59