Kort fortalt

Vegkrav frå sunnmørsleiarar

Opprop frå 70 næringslivsleiarar.

NPK
31.05.2021

70 næringslivsleiarar på Sunnmøre har skrive eit opprop til Stortinget med krav om betre eksportvegar.

I eit opprop krev dei 70 næringslivsleiarane på Sunnmøre eit transportsystem som sørger for at varer blir frakta ut av og inn til fylket på ein effektiv, forsvarleg og miljøvennleg måte, skriv Sunnmørsposten.

– Vi har sove i mange år her på Sunnmøre og stolt på at politikarane skulle ordne opp for oss. Det har ikkje skjedd, og no har vi vakna. Og det er ikkje for seint, seier Per Waagan til avisa.

Det er strekninga frå hamna i Ålesund og fram til Dombås dei reknar som eksportvegen. I brevet til politikarane er det sett opp fem samferdselsprosjekt som avsendarane meiner må bli prioritert. E39 mellom Vegsund og Breivika, Breivika-Digerneset, Digerneset-Ørskogfjellet, Ørskogfjellet til Dombås og Strynefjellet står på lista.

Arne Almås, politikar for Ålesundlista, peikar på at 57 prosent av befolkninga i fylket bur sør for Romsdalsfjorden, og at bedriftene deira bidrar til at Møre og Romsdal er eitt av dei største eksportfylka i landet. Han seier òg at turistnæringa er opptatt av betre kommunikasjon.

Oppropet blir sendt til Stortinget i neste veke. Stortinget skal vedta Nasjonal Transportplan (NTP) i midten av juni.

Publisert: 31.05.2021 16:29

Sist oppdatert: 31.05.2021 16:31