Kort fortalt

Svenskepilken vann i retten

Vert eige varemerke.

20.04.2016
(NPK-NTB): Sølvkroken har drege i land ein Svenskepilk-siger etter sju års kamp i rettssystemet.
Svenskepilk er eit varemerke for ein fiskereidskap – ein pilk – utvikla av Helge Lanes under andre verdskrigen. Lanes produserte og selde pilkane fram til 1978 då Sølvkroken kjøpte bedrifta.
Nordic Outdoor AS, som eig Sølvkroken, har kjempa for retten til å registrere Svenskepilk som eit eige varemerke. Etter fleire rundar i rettsstellet avsa Borgarting lagmannsrett sin dom 14. mars i år, og den sørgjer for at Sølvkroken kan registrere Svenskepilk som eit varemerke.
– Vi har investert og arbeidd med Svenskepilk sidan 1978 og opplever det derfor som fortent at vi også i framtida får vere åleine om retten til å bruke vår eiga merkevare, seier administrerande direktør Geir Mellum i Nordic Outdoor.
Ifølgje Mellum nekta Patentstyret i 2009 selskapet varemerkeregistrering av Svenskepilk.
– Eit spørsmål som det vart prosedert på, var om Svenskepilk måtte sjåast som generisk produktnamn i staden for eit kjenneteikn. Det er ein type problemstilling som også i andre saker har vore til behandling for domstolane i seinare tid, blant anna når det gjeld potetgull og Jarlsberg, seier advokat Frode André Moen, som representerte Sølvkroken i saka.
Staten ved Klagenemnda for industrielle rettar må betale sakskostnader for behandlinga i Oslo tingrett og Borgarting lagmannsrett. (©NPK)

Publisert: 20.04.2016 09:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46