Eigarane av Vestkapphuset er på jakt etter nye drivarar av restauranten ved utsiktspunktet på fjellplatået, ifølgje Sunnmørsposten.
Selskapet som dreiv restaurant på staden gjekk nyleg konkurs, men eigedomsselskapet Vestkapp Holding vil satse vidare.
– Vi vil gjerne leige ut restauranten så fort som råd, og planen er å opne til påske. Vi har bestillingar frå bussar frå april av, og vi håpar å få inn nye og engasjerte leigetakarar, seier Liv Koller-Borg, som er dagleg leiar i Vestkapp Holding, til avisa.
Dei har hatt eit nokre interessentar, men vil ha kontakt med fleire som kan tenke seg å drive spisestaden. I første omgang er målet å sikre drift over sommaren.
Publisert: 24.01.2025 12:00
Sist oppdatert: 24.01.2025 12:00