Image ass1 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
VESTKAPP: Kristina Leknesund Myrseth kan snart tilby overnatting ved Vestkapp-restauranten. Foto: Privat
Nytt

Får setje opp to hytter på Vestkapp

- Dette er berre så utruleg gledeleg. Vi har venta mange år.

01.06.2023

Det seier dagleg leiar Kristina Leknesund Myrseth ved restauranten på Vestkapp.

Det er snakk om to hytter frå Gloppa hytter på Sandane.

- Dette er hytter som kan monterast opp til sommarsesongen startar, og så demonterast til vintersesongen.

- 12. juni er vi klare til å starte utleige. Dei som bur her vil få ei fantastisk oppleving, seier Leknesund Myrseth.

350108751 205187688597406 5669906673989509627 n
HYTTE MED UTSIKT: To slike hytter skal setjast opp på Vestkapp. Foto: Gloppa hytter

Godt forankra
Ho forsikrar at hyttene kjem til å verte godt bolta faste i berget.

- Ja, ingen treng frykte at dei vil hamne ute ved Bukketjuvane.

Selskapet Storm ved Stad har i første omgang fått løyve av kommunen å ha hyttene oppsette i to sesongar.

- Det er ein god start, seier Leknesund Myrseth.

Parkeringsavgift for bussar
Ho fortel om godt besøk hittil i år.

- Men vi er nok den mest vêrutsette serveringsstaden i landet. I godt vêr er det fullt trykk, i dårleg vêr labert.

Ho har no innført parkeringsavgift for bussar som kjem med cruiseturistar.

- Vi taper på cruiseturistane. Bussane fyller opp parkeringa, og gjestane til restauranten finn ingen stad å parkere.

- Nokre buss-selskap har starta å betale, andre ikkje. Slik kan vi ikkje ha det, seier Kristina Leknesund Myrseth.

Publisert: 01.06.2023 05:00

Sist oppdatert: 31.05.2023 23:51

Mer om