NPK: Fleire tilsette ved Høgskulen i Volda er uroa over aleinestrategien til studiestaden og fryktar det på sikt kan føre til nedlegging.
I eit ope brev publisert hos uttrykkjer seks tilsette ved Avdeling for mediefag uro over strukturdebatten ved høgskulen og over at ei samanslåing med NTNU i Trondheim ikkje har blitt vurdert.
Det blir beskrive ein intern uro i fagmiljøet etter strukturendringane som gjer at Høgskulen i Volda, saman med Høgskolen i Molde og Høgskolen i Østfold, er dei tre einaste sjølvstendige høgskulane i landet. Høgskulen i Volda skal halde fram som sjølvstendig eining, men har eit formelt samarbeid med Universitetet i Bergen.
Forfattarane av brevet meiner at eit viktig alternativ i strukturdebatten ikkje har blitt vurdert, nemleg ei samanslåing med NTNU i Trondheim. Det blir vist til at ei slik samanslåing mellom anna ville styrkt mediefaga, og at UiB og HVO er i ein konkurransesituasjon når det gjeld mediefag. Forfattarane meiner også at HVO blir straffa i form av reduserte budsjett og færre stipendiatstillingar fordi skulen ikkje vart ein del av ein fusjon.
Rektor Johann Roppen er overraska over at dette blir teke opp no.
– Det er mange år sidan NTNU var eit alternativ som vart diskutert på denne måten, og eg meiner det både er for seint no – og vidare at det ikkje er spesielt godt grunngjeve. Det vil overraska meg mykje om dette blir noko av, seier han til .

Publisert: 26.05.2017 14:43
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41