Kort fortalt

Tap trass vekst

Fleire gjestar gir ikkje meir forteneste.

30.05.2017
NPK: Trass i at norske overnattings- og serveringsbedrifter i 2015 omsette for nesten 5 milliardar kroner meir i 2015 enn året før, hadde mange norske hotell- og overnattingsbedrifter likevel mindre å rutta med.
Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Sett under eitt hadde overnattingsbedriftene 13,0 prosent fleire sysselsette og ein auka omsetnad på 5,8 prosent i 2015 samanlikna med året før. Likevel blei driftsmarginen redusert frå 2,0 til 1,4 prosent.
Direktør Per-Arne Tufting i bransjeorganisasjonen Norsk reiseliv har tidlegare sagt til Nynorsk pressekontor at så mykje som eitt av tre norske hotell gjekk med underskot i 2015 trass i at det samla sett kjem fleire turistar til Noreg. Grunnen er at mykje av turisttrafikken er konsentrert til nokre få månader i året, og at mange hotell slit med ledig kapasitet resten av året.
For retta på dette meiner bransjeorganisasjonen Norsk reiseliv at Noreg bør arbeida for å utvida turistsesongen og trekkja til seg rike turistar.
Også norske restaurantar slit med å gå med overskot. Trass i at restaurantbedriftene opplevde ein auke i omsetnaden på 10,1 prosent i 2015, gjekk driftsmarginen ned frå 4,7 til 4,5 prosent, viser tal frå SSB.
Ser ein på alle serveringsstadene under eitt, er tala derimot litt meir optimistiske. Då gjekk driftsmarginen opp frå 4,5 til 4,8 prosent.

Publisert: 30.05.2017 08:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41