NPK: Inge Bøen (51) er tilsett som ny dagleg leiar i klippfisk- og fiskeoljekonsernet Fjordlaks AS med hovudbase i Ålesund.
Bøen tar over etter Fjordlaks-gründer Anders Pedersen, som held fram som styreleiar i selskapet.
Den nye Fjordlaks-sjefen kjem frå stillinga som administrerande direktør i teknologikonsernet Scana Propulsion i Volda.
– Vi er svært tilfredse med at Inge Bøen har takka ja til å bli ny dagleg leiar. Bøen har brei leiarerfaring frå fleire store internasjonale selskap, god industriell forståing, og vi er trygge på at han har dei eigenskapane som skal til for å skape vekst og gode økonomiske resultat for Fjordlaks AS framover, seier styreleiar Anders Pedersen i ei pressemelding.
Fjordlaks er Noregs største klippfiskprodusent med produserer rundt 20.000 tonn produsert klippfisk i året. Anders Pedersen selde i fjor oppdrettsverksemda Fjordlaks Aqua for over 1,1 milliardar kroner til Hofseth International.

Publisert: 21.04.2017 13:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42