Kort fortalt

Tilstår hotellbrann

Hotelldirektør tilstår å ha tent på Selje hotell

27.02.2017
(NPK-NTB): Direktøren ved Selje hotell har tilstått at han tente på sitt eige hotell som brann ned til grunnen i november i fjor.
Mannen tilstod for nokre veker sidan at han køyrde eins ærend frå Stockholm, der han bur, for å setja fyr på hotellet. Han er no varetektsfengsla i nye fjorten dagar, seier forsvararen hans, advokat Per Kjetil Stautland, ifølgje
Politiet konkluderte frå starten av med at hotellet var påtent sidan det blei funne fleire bensinkanner like ved, og tre brør, blant dei direktøren, blei kort tid etter sikta og varetektsfengsla.
Den svenske familien tok over hotellet i januar 2014, men etter kort tid fekk hotellet økonomiske vanskar. I ettertid har det kome fram at hotellet hadde ei gjeld på 16 millionar kroner, men at det var fullforsikra.
– Det er ei lette å få vita at han har tilstått. Då har vi i alle fall kome eit godt stykke lenger i etterforskinga, seier tidlegare eigar av hotellet, Gerd Kjellaug Berge, som måtte sjå livsverket sitt gå opp i flammar.
Vitne fortalde at dei ikkje hadde høyrt brannalarmen då det brann, og branndører i begge endar av romfløya stod ifølgje NRK opne slik at brannen kunne spreia seg til resepsjonen.

Publisert: 27.02.2017 21:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42