Kort fortalt

Transportplan i minus

Transportplan går 179 milliardar i minus.

06.06.2017
NPK-NTB: Fleire økonomar reagerer på at politikarane satsar på ulønnsame transportprosjek. Totalt går Nasjonal transportplan i minus med 179 milliardar kroner.
Det er samferdselsministeren sjølv, Frps Ketil Solvik-Olsen, som konkluderer med underskotet, skriv .
– Samla netto nytte for dei nye prosjekta som blir starta opp er berekna til minus 179 milliardar kroner, skriv statsråden i stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan (NTP).
– Bygging av vegar og jernbane som ikkje er samfunnsøkonomisk lønnsame, gjer Noreg fattigare, åtvarar økonomiprofessor Steinar Strøm. Han er ein av fleire økonomar som reagerer og meiner politikarane bruker investering i infrastruktur til å oppnå andre mål enn samfunnsøkonomisk nytte.
– Der nytta er lågare enn kostnaden, burde prosjektet få ei heilt konkret grunngjeving, seier han.
Høgres Nikolai Astrup leiar Stortingets transportkomité og er saksordførar for NTP. Han påpeikar at fleire prosjekt har effektar som ikkje blir fanga opp av lønsemdsmodellane.
– Samfunnsøkonomiske modellar er i hovudsak baserte på framkommelegheit og reisetid. Operatunnelen gav ingen gevinst i reisetid, men gjorde det mogleg å byggje ein ny, stor bydel i Oslo. Denne effekten fangar ikkje modellane godt nok opp. Det hadde også vore meir lønnsamt å satse på buss enn T-bane på 1960-talet, men i dag prisar vi oss lykkeleg for at den er bygd, seier han.

Publisert: 06.06.2017 12:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41