(NPK-NTB): Ei undersøking blant nærare 1.000 bedriftsleiarar i Rogaland og Hordaland viser at mange ser mørkt på framtida.
Tre av fire spurde i undersøkinga meiner næringslivet er i krise som følgje av oljesmellen, skriv . Vel 40 prosent av bedriftene svarar at dei ventar lågare aktivitetsnivå det neste året, mens delen var 11 prosent for eitt år sidan.
– Vi vart litt sjokkerte då vi såg resultatet. Vi hadde trudd at berre eit lite mindretal ville svare at det er krise. No tør dei fleste bedriftene å ta ordet «krise» i sin munn, seier næringspolitisk sjef Atle Kvamme i Bergens Næringsråd. Rådet har utarbeidde undersøkinga saman med næringsforeiningane i Stavanger, Haugesund og Stord.
30 prosent av dei spurde ventar nedbemanningar det neste året, samanlikna med 15 prosent for eitt år sidan.

Publisert: 08.04.2016 08:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47