Kort fortalt

Tre fylke med felles næringsstrategi

Strategien skal vere klar i juni.

Marius Rosbach
25.02.2021

Dei tre fylkeskommunane på Vestlandet set næringsutvikling på dagsorden og har starta arbeidet med ein ny næringsstrategi for heile Vestlandet.

– Heile verda står i ei brytningstid, ei tid som representerar både utfordringar og moglegheiter langs heile kysten av Vestlandet. Vi i fylkeskommunane ønskjer å ta ei aktiv rolle i arbeidet med å sjå korleis Vestlandet og Noreg kan kome styrke ut av tida vi står i, sier Per Vidar Kjølmoen, fylkesvaraordfører i Møre og Romsdal (Ap) og leiar for styringsgruppa for ny næringsstrategi, i ei pressemelding.

Nærings- og samfunnsliv på Vestlandet og i Noreg står overfor stor omstilling. Globale trendar som det grøne skifte, urbanisering, sentralisering og ei aldrande befolkning vil påverke også vestlendingen i åra som kjem, påpeikar Kjølmoen.

– Vi ønskjer å sikre nasjonale rammevilkår for ny vekst og omstilling og legge premissar for nasjonal politikk. Til det treng vi ein felles strategi.

Arbeidet med næringsstrategien starta denne veka og næringslivet sjølv vil vere delaktig. Styringsgruppa er sett saman av representantar frå heile Vestlandet og frå fleire bransjar, mellom andre dagleg leiar i GCE Ocean Technology Owe Hagesæther.

– Omstillingsevna i industrien på Vestlandet er stor, men vi saknar at regjeringa slår på stortromma i sine satsingar på fornybar energi og andre framveksande havnæringar. Regjeringa må iverksette ei tydelegare og større satsing, slik vi som nasjon gjorde då vi bygde olje- og gassnæringa. Vi må satse der norsk industri har sine fortrinn og vi har mykje verdsleiande teknologi vi kan bygge vidare på, seier Hagesæther.

Ei målsetting med næringsstrategien er å skape ei felles plattform for næringslivet på tvers av fylke og bransjar. Det er rådgivingsselskapet PwC som har oppgåva med å bistå Vestlandsrådet i arbeidet.

– Eg ønskjer at vi skal stå saman om nokre grep for å skape eit enda sterkare næringsliv på Vestlandet. Vi har både eksportretta næringar og eit reiseliv i internasjonal toppklasse. Det vert viktig å styrke verdiskapinga frå desse i åra som kjem, seier Kjølmoen, i pressemeldinga.

Næringsstrategien skal vere klar i juni.

Publisert: 25.02.2021 19:46

Sist oppdatert: 25.02.2021 19:48