Kort fortalt

Tre sunnmørsbedrifter til møbelmesse

Besøket går nedover for årleg møteplass.

25.01.2024

Interessa for Stockholm Furniture Fair er dalande og i år er det berre tre bedrifter frå Sunnmøre som deltek, ifølgje Sunnmørsposten.

Fora Form i Ørsta, Vad i Stordal og Ekornes Contract, som har spesialisert seg på kontraktsmarknaden, er dei einaste bedriftene frå regionen som deltek på messa frå 6. til 10. februar.

– Jeg tror flere i stedet har valg å delta på arrangementet 3 Days in Copenhagen. Der har det vært ei økning de to siste åra. Og tre dager i juni i København frister kanskje mer enn ei uke i Stockholm i februar, sier Egil Sundet, bransjesjef i Norsk Industri, til avisa.

I fjor var det fleire enn 400 bedrifter som stilte ut på Stockholm-messa. I år er det påmeldt 240 utstillere.

Publisert: 25.01.2024 11:48

Sist oppdatert: 25.01.2024 16:51

Mer om