Kort fortalt

Tredobla straumeksport

Straumeksporten frå Sør-Noreg var førre veke meir enn tre gonger så høg som veka i førevegen.

27.07.2022

Det viser ein fersk rapport om kraftsituasjonen frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

NTB har fått tilgang til tala som ligg bak søylediagramma i rapporten. Dei viser at nettoeksporten av straum frå det sørlege Noreg låg på 202 gigawattimar i veke 29, opp frå berre 62 gigawattimar i veke 28.

Det er ein auke på 326 prosent.

Den auka eksporten kjem sjølv om olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) nyleg gjekk ut og bad kraftprodusentane om å spare på vatnet for å sikre fylling av vassmagasina fram mot vinteren.

Fyllingsgrada i Sørvest-Noreg låg på staden kvil i veke 29, medan han berre gjekk marginalt opp i Aust-Noreg. I Vest-Noreg auka han.

I Sørvest-Noreg er straumprisane samtidig på sitt høgaste nokosinne.

Straumeksporten gjennom utanlandskablane ligg likevel lågare enn det som har vore normalen.

Snittet for veke 29 dei siste ti åra har vore 310 gigawattimar.

Samla sett er nettoeksporten frå Sør-Noreg 77,5 prosent lågare så langt i år enn i same periode i fjor.

Publisert: 27.07.2022 17:04

Sist oppdatert: 27.07.2022 17:05

Mer om