Kort fortalt

Trur det er slutt for Super-Puma

Helikoptertypen ute for godt, trur ekspert.

26.04.2017
NPK: Helikopter-ekspert meiner Super Puma-helikoptera har mista all tillit hos norske oljeselskap. Helikoptertypen har vore involvert i fleire ulykker dei siste åra, og tusenvis av oljearbeidarar vil ha den fjerna.
– Personleg trur eg ikkje noko oljeselskap vil ta sjansen på å bruke helikoptertypen att. Det seier leiar Henrik Solvorn Fjeldsbø i helikopterutvalet i fagforeininga Industri Energi til
Dei siste åra har Super Puma vore involvert i fleire ulykker og nestenulykker. Fleire tusen oljearbeidarar i fleire land har stilt seg bak kampanjar for å få helikoptertypen fjerna. No bekreftar Statoil og ConocoPhillips at dei ikkje vil fly Super Puma.
Statens havarikommisjon for transport ser klare likheitstrekk mellom Turøy-ulykka og ulykka i 2009 ved kysten utanfor Skottland med ein eldre versjon av Super Puma.
– Alt er ikkje heilt samanliknbart, men det same skjedde, giret rauk og rotoren losna, seier Fjeldsbø.
Administrerande direktør Guillaume Faury i Airbus Helicopters sa i september i fjor at han meiner Super Puma-helikoptera vil fly igjen på norsk sokkel.

Publisert: 26.04.2017 12:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42