NPK: Den tradisjonsrike lakseelva Driva i Møre og Romsdal er no stengd for all laks heilt fram til år 2030. I kampen mot gyrosmitte har Miljødirektoratet bygd den største fiskesperra i verda.
– Rista skal hindre fisken å hoppe opp, så her er det 100 prosent sikkert at det ikkje vil komme sjøaure eller laks opp, seier damingeniør Bjørn Dalsnes i Sweco til NRK.
Parasitten Gyrodactylus salaris, på folkemunne kjend som gyro, er grunnen til at all laks no blir sperra ute av Driva. I over 40 år har parasitten herja i den nasjonale lakseelva på Nordmøre. No er det slutt.
Prosjektet, som er sett i gang av Miljødirektoratet, stengjer elva og tømmer øvre del for laks. Lakseyngelen i dag vil symje ned til sjøen og ny generasjonar forsvinn frå toppen av elva.
Nedre del bli så bli behandla med rotenon slik at all fisk døyr. Død fisk betyr døde parasittar.
Fiskesperra er plassert ved Snøvasmelan i Sunndal kommune, om lag 20 kilometer frå utløpet til Elva i Sunndalsfjorden ved Sunndalsøra. Sjølv om sperra er kommen på plass, er det framleis nokre ting som står igjen.
– Her skal det bli eit fangsthus som vi vil fange sjøaure og laks i, viser Dalsnes.
For sjøauren er ein uskuldig tredjepart oppi det heile og skal få symje vidare mot Sør-Trøndelag. Eit eige passeringspunkt blir sett opp for å kontrollere fisk manuelt.

Publisert: 05.04.2017 11:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42