Ukrainske kvinner får gründerhjelp
Fylkeskommunen og gründertenesta hoppid.no riggar eit støtteapparat for ukrainske kvinner som ønsker å starte si eiga bedrift.
Prosjektet hadde nyleg oppstartsamling, og no startar den store jobben med å sette ambisjonane ut i livet., opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.
Gjennom gjennom EU-prosjektet BSI_4Women, skal fylkeskommunen utvikle eit nytt program gjennom gründertenesta hoppid.no, saman med Protomore, Vindel, Sunndal næringsselskap, Nordveggen, dei lokale flyktningtenestane og andre aktørar i kommunane.
I første omgang rettar prosjektet seg mot kvinnelege gründerar som har erfaring frå eigne bedrifter i Ukraina, eller flyktningar som vil starte for seg sjølv.
- Neste steg blir å finne og rekruttere flyktningkvinner som er interesserte i å vere med i prosjektet. Vi er interessert i å komme i kontakt med flyktningar som har innovative forretningsidear og nye berekraftige løysingar. Her skal vi få god hjelp frå kommunane og deira samarbeidspartar, seier prosjektleiar Daniela Gundersen.
Kvinnene skal få lære om det norske systemet og om alt dei treng å vite for å opprette, drive og utvikle selskap i Noreg, blant anna om nettverk, forretningsmodell, sal- og marknad, økonomi, skatt, selskapsform, juridiske og kulturelle aspekt ved å drive bedrift.
- Det å få starte å jobbe igjen og tene pengar er avgjerande for å komme i gang i et nytt land. Det kan hjelpe med å bygge opp igjen eit menneske, ikkje berre økonomisk, men også mentalt. For nokre kan det å skape sin eigen arbeidsplass vere ei god løysing.
Dei norske partnarane skal leie arbeidet med å bygge ei digital verktøykasse. Denne skal innehalde webinar, podcastar, videoar, nettbaserte verktøy og grafikkar som tar for seg entreprenørskap og det å etablere bedrift i eit nytt land. I første omgang blir det gjennomført eit pilotprosjekt, som seinare kan vere ein god modell for alle som vil etablere bedrift i Noreg, uavhengig av nasjonalitet.
Fylkeskommunen har eit solid system for etablering av bedrift gjennom hoppid.no og brei erfaring med gründerkurs for immigrantar, og deltar saman med miljø frå Polen, Danmark, Sverige, Estland, Latvia og Litauen.
Publisert: 10.05.2023 15:55
Sist oppdatert: 10.05.2023 15:56