Kort fortalt

Ulstein skal tilsette mange nye

– Vi vil auke arbeidsstokken jamt og trutt, seier produksjonssjefen.

01.12.2023

Ulstein Group er i full gong med å bu seg til å ta i mot eit nytt skrog.

Konsernet treng difor tilsette innan alle fagdisiplinar ved verftet, skriv Vikebladet.

– Vi har kapasitet til å gjennomføre prosjekta framover med den staben vi har per i dag – men med tanke på det langsiktige bildet treng vi fleire folk i alle avdelingar. Vi set ikkje noko tal på kor mange vi treng, vi har mest av alt fokus på at dei vi tilset er dei rette. Vi vil auke arbeidsstokken jamt og trutt, seier produksjonssjef Mai Kristin Myklebust til avisa.

Publisert: 01.12.2023 12:28

Sist oppdatert: 01.12.2023 12:28

Mer om