Cathrine Kristiseter Marti Foto Marius Rosbach
GLER SEG: Snart får konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti i Ulstein Group eit nytt skrog til kai for første gong på to år. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Gler seg til første nybygg på to år

Auka aktivitet gjer at Ulstein-konsernet treng fleire folk. Før årsskiftet er det igjen eit nytt skrog på plass ved verftet.

Marius Rosbach
06.09.2023

Ulstein Group har gått gjennom nokre utypiske år for skipsbyggjarkonsernet utan levering av nybygg. Ekspedisjonscruiseskipet National Geographic Resolution var det siste nybygget som la frå kai – hausten 2021.

No peikar pilene oppover, og det er igjen duka for auka aktivitet på verftet. Først i ordreboka er to vindskip til Olympic-reiarlaget med base i Herøy.

– Det gir ein slags heilskapsfølelse som er veldig positiv, seier konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti til NETT NO om korleis det blir å få eit nytt skrog til verftet.

– I motsetning til ettermarknaden som har kortare fristar, så gir nybygg ein lengre horisont – og gir dei som jobbar med det ei anna tryggheit, seier Marti.

Bygd opp kapasitet på ettermarknaden
Skipsbyggjarane har samtidig bygd opp kapasitet på ettermarknaden i løpet av dei siste åra, som dei aktar å halde fram med for å sikre balanse i drifta.

Medan skroga til Olympic har vore under bygging ved Crist-verftet i Polen, har det i Ulstein vore arbeidd med prosjektleiing, planlegging, innkjøp og engineering.

– Det har allereie vore mykje aktivitet som er relatert til nybygga her i Ulsteinvik, sjølv om ikkje skroga har vore her, seier Marti.

På jakt etter ei rekke nye folk
Det første skroget kjem til kai for utrusting og ferdigstilling i løpet av året. Frå årsskiftet vil det med andre ord vere meir å gjere - og konsernet er allereie i gong med rekrutteringa.

– Vi har behov for ganske mange ute i operasjonane på skipsbygging. Det er ein kombinasjon av aktiviteten vi ser føre oss, som gjer at vi treng meir folk, fortel konsernsjefen.

For augneblinken har Ulstein Group ute kring 20 stillingar, ikkje minst til Ulstein Power & Control-selskapet. I tillegg til ti elektrikarar – treng konsernet arbeidsleiarar på fleire felt, ingeniørar og lagermedarbeidar.

Keel laid for Olympic yno 319 CSOV
KJØLSTREKK: Øystein Kvalen frå Ulstein Verft og Olympic sine representantar, Rune Grande og Runar Stave, inspiserer første blokk til det første Olympic-skipet på Crist-verftet . Foto: Ulstein Verft

– Ting ser litt meir positivt ut
Neste skrog til Olympic kjem i første kvartal i 2024 og begge fartøya skal leverast i løpet av neste år. Deretter står to vindskip til Bernhard Schulte Offshore for tur.

Fartøya som er planlagt levert i 2025, blir fjerde og femte skip til det tyske reiarlaget, som tinga sitt første vindskip frå Ulstein i 2015.

Konsernsjef Marti påpeiker at det framleis er krevjande tider. Finansiering – det å reise kapital for å bygge ein ny båt – er framleis mellom dei store utforfordringane for verfta, etter fleire magre år.

– Det er ikkje slik at fordi vi har nokre få nybygg, så er det full rulle. Men ting ser litt meir positivt ut, og det er bra,

Batteripakke og klargjort for metanol
Olympic-fartøya er baserte på Ulstein SX222-designet, og har ei lengde på 89,6 meter og ei breidde på 19,2 meter. Dei har plass til 126 personar fordelt på 91 lugarar.

Skipa vil få hybrid batteridrift og er budde for metanol som drivstoff for å gjere nullutslepp mogleg.

Oppdraget er òg viktig for Ulstein Power & Control AS som skal levere ei omfattande kraft- og automasjonspakke, inkludert ein stor batterileveranse.

Olympic vindskip ulstein illustrasjon ulstein design solutions 11
FØRST UTE: Dei nye vindskipa til Olympic er dei første som får Twin X-Stern-design, som betyr at dei har einingar for hovudframdrift både framme og akter. Illustrasjon: Ulstein Design & Solutions

Positiv til Raudt-forslag
Då Olympic-avtalen blei gjort offentleg, uttalte konsernsjefen at kontraktane kom på trass av politikarane sin innsats, og at dei hadde vore nær ny kontrakt fleire gonger. Også Ulstein-eigar Gunvor Ulstein har vore tydeleg på at ho ikkje er imponert over tiltaka frå regjeringa for maritim industri.

Førre veke fekk konsernsjef Marti besøk av Raudt, som har eit forslag som i det minste kan vere eit steg på vegen til å vinne oppdrag frå det offentlege. Partiet vil ha tydeleggjort i alle anbod at norske lovar, reglar og arbeidsvilkår skal gjelde – som betyr skjerpa krav til eksempel miljø, norsk språk og lærlingar.

Ulstein-sjefen meiner eit slikt tiltak kan ha betydeleg effekt for norske verft si konkurranseevne mot verft i utlandet.

Publisert: 06.09.2023 05:00

Sist oppdatert: 06.09.2023 10:30

Mer om