(NPK): Stadig færre reiarlag ønskjer å vera med i konkurransen om å drifta ferjestrekningane langs kysten. Samtidig dreg mange av ferjene på åra. Det er ein dårleg kombinasjon, meiner mange.
– Vi har ei viss kjensle av at det er i ferd med å utvikla seg monopoltendensar mellom ferjereiarlaga, seier fylkesrådmann Ottar Brage Gutlevik i Møre og Romsdal til
Han meiner det er svært uheldig at det snart berre er to-tre reiarlag som konkurrere om tilboda.Fylkesrådmannen er ikkje den einaste som uroar seg. Regionvegsjef Berit Brendskog Lied likar heller ikkje utviklinga. Ho meiner trenden er ekstra uheldig sidan mange av ferjene langs kysten tek til å bli gamle og treng oppgradering.
– Det er nye krav til oss. For det første skal vi innføra autopass, og i tillegg 20 minutts avgangar i E39-sambanda, seier ho.
Regionvegsjefen peikar også på at dei reisande har større krav og at det kostar å betra standaren. (©NPK)

Publisert: 22.04.2016 13:47
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46