Bøstrand transport foto bøstrand transport 11
STÅR FAST: Bøstrand Transport er mellom lokale selskap som er råka av trøbbel på vegane onsdag. Foto: Bøstrand Transport
Kort fortalt

Utfordringar for varetransporten

Fleire bilar frå lokale selskap står fast.

09.08.2023

Konsekvensane som følgje av uveret Hans skapar utfordringar for transportbransjen, ifølgje Sunnmørsposten.

Både Veøy Transport, Bøstrand Transport i Ørsta og Tenden-bilane frå Stryn er ramma, og har bilar står fast grunna stengde vegar.

Også H.I. Giørtz i Sula er råka, men matvarene kom fram som dei skulle natt til onsdag.

– Vi har også varelager som varer nokre dagar. Men viss vegane er stengde også komande natt, så vil vi ikkje få inn varer, seier administrerande direktør Egil Giørtz til avisa – og legg til at det ikkje er nokon grunn til å hamstre.

Giørtz som trur og håpar at ein eller fleire vegar vil opne ganske raskt.

Publisert: 09.08.2023 14:39

Sist oppdatert: 09.08.2023 14:39

Mer om