NPK-NTB: Regjeringa set ned eit ekspertutval for å finne ut kva dei nye regionane eller fylkeskommunane kan drive med.
– Forslaget frå utvalet blir eit viktig grunnlag for å vurdere ytterlegare oppgåver og styresmakt til dei nye fylkeskommunane, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H).
Stortinget vedtok i førre veke å krympe talet på fylkeskommunar frå 19 til 11. Utvalet som skal leiast av professor Terje P. Hagen ved Universitetet i Oslo, får i oppdrag å foreslå oppgåver som kan styrke fylkeskommunanes samfunnsutviklarrolle, gi ei meir brukarvennleg forvalting, betre offentleg ressursbruk og betre tenester for innbyggjarar og næringsliv.
Hagen får med seg seks andre i utvalet, blant dei tidlegare Høgre-statsråd og fylkesmann i Troms Svein Ludvigsen. Arbeidet skal vere avslutta innan 1. februar neste år. Dei nye fylkeskommunane skal etablerast 1. januar 2020.

Publisert: 14.06.2017 13:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41