Kort fortalt

Utvidar Vipps-tilbodet

Snart mogleg å vippse pengar i nettbutikkar.

02.03.2017
NPK-NTB: Vipps har inngått avtale med betalingsløysinga Nets. Dermed blir det mogleg å betale med Vipps i mange nettbutikkar.
Avtalen inneber at Netaxept, ei betalingsløysing frå Nets for sikker netthandel, gjer Vipps tilgjengeleg som betalingsmetode.
– Vår ambisjon er at Vipps skal vere eit fullgodt betalingsalternativ for alle som handlar på nett, og ikkje minst overfor dei mange store og små nettbutikkane. Derfor har det vore viktig for oss å få på plass ein samarbeidsavtale som inkluderer Vipps i Netaxept-løysinga frå Nets, seier Vipps-sjef Rune Garborg.
Planen er at Vipps gradvis skal gjerast tilgjengeleg for nettbutikkar som ønskjer å ta i bruk betalingsløysinga via Netaxept.
Fordelen for brukarane er at ein slepp å taste inn kortnummer, utløpsdato og sikkerheitskode når ein handlar på nett. Det einaste ein må gjere, er å taste mobilnummeret og godkjenne kjøpet.

Publisert: 02.03.2017 14:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42