Kort fortalt

Varslar tiltak mot plastforsøpling

På Stortinget er dei utolmodige.

24.02.2017
NPK-NTB: Klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) antydar at fleire enkelttiltak er på trappene mot plastforsøpling.
Stortingsmeldinga om avfallspolitikk er først venta i juni, noko Senterpartiets parlamentariske leiar Marit Arnstad meiner er for seint.
– Det er val til hausten. Meldinga vil i praksis vere trekt tre månader etter at den blir lagt fram, sa Arnstad i Stortingets spørjetime onsdag. Ho viste til at viljen er stor på Stortinget til å finne gode nasjonale tiltak mot plastforureining.
– Plastforureining i havet er kanskje det raskast veksande miljøproblemet i verda. Utfordringa er plast frå land, men hovudsporet må vere internasjonalt, sa Helgesen.
Han avviste ikkje at stortingsmeldinga kan komme til å bli lagt fram tidlegare enn anslått, men understreka at enkelttiltak kan komme mykje fortare.
– Men det er ikkje tenleg å legge ut enkelttiltak etter enkelttiltak utan å sjå dei i samanheng, sa Helgesen.
Venstres Ola Elvestuen viste i sitt spørsmål til at 800 millionar tonn plast kvart år endar i havet, og at det i 2050 vil vere meir plast enn fisk i havet, målt i kilo.

Publisert: 24.02.2017 14:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42