(NPK): Statens vegvesen inviterer no alle til å føreslå kandidatar til heidersprisen for fine veganlegg, Vakre vegars-pris.
Prisen er todelt. Ein pris skal gå til eit nyare anlegg, medan den andre skal gå til eit meir etablert veganlegg der drifta, vedlikehaldet og estetikken framhevar seg.
Alle kan kome med forslag til kandidatar, kriteriet er at anlegget må vere ein del av det offentlege vegnettet. Det kan vere både vegar, gater, bruer, tunnelar, kollektivanlegg eller tilhøyrande anlegg og utstyr.
For å føreslå ein kandidat, må ein også legge ved ei grunngjeving for forslaget og helst eit foto av anlegget, opplyser Statens vegvesen.
Prisen blir delt ut annakvart år. I 2014 var det Skjarvelandet på Havøysundvegen i Finnmark og Kongevegen over Filefjell som stakk av med heideren.

Publisert: 08.04.2016 11:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47