Kort fortalt

Vi brukar lite straum

Straumforbruket i Noreg på sitt lågaste sidan 2014.

19.01.2023

Eit varmt år og tidvis ekstreme straumprisar bidrog til ein nedgang i straumforbruket på 8,2 prosent i 2022 samanlikna med året før.

«Alle» ser ut til å ha kutta i straumforbruket i fjor samanlikna med i 2021. Forbruket av elektrisitet i alminneleg forsyning var 76 TWh i fjor, mot 82,8 TWh året før, viser nye tal frå statistikken Elektrisitet frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Alminneleg forsyning inkluderer hushald, hytter, fritidshus, tenesteytande næringar og industri, bortsett frå kraftintensiv industri.

Hushald medrekna hytter og fritidshus står for om lag halvparten av det alminnelege forbruket. Oppvarming av bustad er den største utgiftsposten her, og han har tradisjonelt sett ikkje vore så påverka av pris, men meir avhengig av temperaturforhold.

– Det er likevel ikkje urimeleg å tru at dei unormalt høge straumprisane, som har halde fram gjennom heile 2022, etter kvart har byrja å påverke forbruksvanane til både hushald og næringar og dermed bidrege til nedgangen i forbruket, seier rådgivar Ståle Skrede i SSB.

2022 var elles eit relativt varmt år.

– Berre desember månad var klart kaldare enn normalt, så vi må rekne med at dei høge temperaturane også har bidrege til eit noko lågare forbruk enn dei tidlegare åra, seier Skrede.

Publisert: 19.01.2023 09:18

Sist oppdatert: 19.01.2023 09:19

Mer om