Kort fortalt

Vil auke skatten nesten 27 milliardar

Raudt vil at dei 20 prosent rikaste skal ta heile rekninga.

15.11.2023

NPK-NTB: Raudt ønskjer å auke skattane med 26,8 milliardar kroner i det alternative budsjettet sitt. I forslaget skal åtte av ti nordmenn betale mindre skatt.

I Raudts forslag vil dei med under 800.000 kroner i inntekt få ein total skattelette på 12 milliardar, medan dei rikaste må belage seg på ein samla skatteauke på 30 milliardar, skriv Klassekampen.

– Vi foreslår å kutte skattane for 80 prosent av nordmenn med til saman 12 milliardar. Det er sånn sett tydeleg, meiner eg, at folk skal sitje igjen med meir av pengane dei får i lønn, seier Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen.

Med meir utbytteskatt og meir formuesskatt blir den samla skatteauken på 26,8 milliardar.

Martinussen seier dei ønskjer å lansere ein forskjellskrisepakke, som aukar inntektene, kuttar i rekningsbunken og som tek tilbake kontrollen over prisane.

– Vi har lett med lys og lykter etter rekningar som staten bestemmer over og korleis vi kan kutte i dei. Å kutte moms til dømes. Vi bruker også over tre milliardar på å starte ei tannhelsereform, seier Martinussen.

Publisert: 15.11.2023 09:59

Sist oppdatert: 15.11.2023 09:59