NPK-NTB: Den samla verdien på den såkalla delingsøkonomien kan bli så høg som 57 milliardar kroner i 2025, ifølgje Vista Analyse.
Rapporten frå Vista Analyse har vore ein del av grunnlaget som delingsøkonomiutvalet har brukt til å utarbeide sin rapport, som vart levert til finansminister Siv Jensen (Frp) måndag, skriv .
Delingsøkonomi er ein forretningsmodell der privatpersonar sel tenester eller leiger ut eigedelar direkte eller ved hjelp av formidlingsselskap.
Anslaget analyseselskapet har gjort for den samla omsetninga i delingsøkonomien i 2025, ligg på mellom 28 og 57 milliardar. I 2015 er det anslått at verdien av tenestene som vart ytt låg på 500 millionar kroner.
– Vi har tatt rapporten frå Vista Analyse med oss i arbeidet, men det er knytt stor uvisse til anslaga, seier utvalsleiar Tommy Staahl Gabrielsen.
Omsetnaden av tenester med delingsøkonomi vil vere avhengig av sosiale og politiske faktorar, ifølgje Haakon Vennemo, samfunnsøkonom og styreleiar i Vista Analyse.
– Det er nok slik at denne type økonomi vil trivst betre i eit samfunn med stor ulikskap og høg arbeidsløyse, seier han til avisa.

Publisert: 08.02.2017 08:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42