Kort fortalt

Vil gjere det lettare å spare i aksjar

Regjeringa med nytt forslag.

23.03.2017
NPK: Regjeringa vil gjere det enklare for småspararar å setje pengar i aksjar og aksjefond.
Både bankar, verdipapirføretak og selskap som forvaltar verdipapirfond, skal kunne tilby aksjesparekonto, foreslår Finansdepartementet i eit høyringsnotat om forskrift om aksjesparekonto.
Ordninga med aksjesparekonto vart vedtatt i samband med statsbudsjettet for 2017, men har enno ikkje tredd i kraft.
Blant forslaga er òg nye reglar om informasjonsplikt overfor kontohavarane og krav til avtalen om aksjesparekonto og til kontoføringa. Dessutan skal det bli enkelt å overføre ein aksjesparekonto frå ein tilbydar til ein annan og å seie opp ein konto.
Høyringsfristen for den nye forskrifta er 12. mai.

Publisert: 23.03.2017 19:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42