NPK: For over fem år sidan sokk den russiske trålaren MV "Krasnoselsk" i Hundeidvika i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal. No vil ordføraren ha han vekk, fortel NRK.
Trålaren sokk under orkanen «Dagmar» 1. juledag 2011 og ligg på 30 meters djup.
Ordførar Odd Jostein Drotninghaug har purra på Miljødepartementet og hadde håpa på svar innan 10. mars. Det fekk han ikkje, og no undersøkjer dei moglegheita for å ta saka i eigne hender, fortel NRK.
Båten ligg i skipsleia og kommunen meiner han kan vere ein fare for andre båtar.
– Det er vi som er dei lokale hamnestyremaktene, og vi ønskjer å flytte han fordi han utgjer ein fare. Vi undersøkjer derfor om vi kan gi løyve til å flytte trålaren ut på djupare vatn, slik at han ikkje hindrar skipstrafikken, seier ordføraren.

Publisert: 14.03.2017 14:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42