Kort fortalt

Vil ha fleire marine verneområde

Vil bevare viktig natur i havet.

NPK
09.04.2021

Regjeringa har no lagt fram ein plan for korleis dei skal arbeide framover for å bevare viktig natur i havet.

I ein marin verneplan frå 2004 vart det identifisert 36 område til ei første fase med marint vern i Noreg. Områda var i hovudsak kystnære, men nokre av dei ligg òg lengre frå kysten. 16 av desse områda er verna fram til no.

I ein ny plan for bevaring av marin natur, vil regjeringa sjå på korleis dei skal komme vidare med å supplere planen frå 2004 med fleire nye verneområde, heiter det i ei pressemelding.

I meldinga varslar regjeringa ein gjennomgang av om og eventuelt korleis lovgivinga utanfor 12 nautiske mil kan forbetrast. Planen legg òg opp til å hente meir erfaring med å bevare havområde for å bygge opp igjen økosystem, og å kartlegge marine område som er viktige for karbonlagring med sikte på bevaring og å redusere effektar av klimaendringar, skriv regjeringa.

Publisert: 09.04.2021 15:41

Sist oppdatert: 09.04.2021 15:42