NPK: Etter å ha fått i drift den første elektriske bilferja i verda, tar Statens vegvesen no nye steg mot ein meir miljøvenleg ferjesektor.
– Som ein av dei første i verda utfordrar vi reiarlag, verft og teknologimiljø til å utvikle ei ferje som kan gå på hydrogen, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen i ei pressemelding.
Prosjektet skal gjere nullutsleppsteknologi mogleg for ferjestrekningar som ikkje er eigna for elektrisk drift aleine. Ei hydrogen-ferje vil ha større rekkevidde enn ei elektrisk ferje. I dag finst det lite erfaring med fartøy drivne på hydrogen.
Statens vegvesen vil våren 2017 invitere til ein dialogkonferanse for reiarlag og leverandørar. Etterpå blir det prekvalifisering for interesserte reiarlag, før ein går inn i ein fase med konkurranseprega dialog, fram til utlysing og signering av kontrakt.

Publisert: 09.02.2017 11:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42