Kort fortalt

Vil ha kunst i skipstunnelen

Føreslår internasjonal tevling om utsmykking.

NPK
21.05.2021

(NPK): Stadtunnelen må ikkje berre lykkast som gjennomreise, men òg som reisemål, meiner kunstformidlar.

– Ein tunnel i verdsklasse bør vekke merksemd i vidare kretsar enn hos ingeniørar, sprengarar og sementblandarar. Her har våre verk og vesen eit høve til å vekke merksemd verda over, skriv kulturarbeidar og kunstformidlar Fridtjov Urdal i eit brev til avisa Firda.

Når skipstunnelen no skal byggast, meiner han at tunnelen må byggast så godt og skrytande som råd, og at tunnelen ikkje berre må lykkast som gjennomreise, men òg som reisemål. Han har rekna ut at det på flo sjø er godt over 163.000 kvadratmeter tilgjengelege flater over vassoverflata, flater som kan nyttast til utsmykking.

– Samla sett svarer dette til halve Frognerparken. I storleik kan det samanliknast med stasjonane i Moskva metro, og gjere St. Peterskyrkja til mest som eit kapell å rekne, skriv han.

Kva type utsmykking det kan vere snakk om, meiner han må vere opp til ei fagkunnig nemnd, og foreslår at det blir lyst ut ei internasjonal tevling, skriv Firda.

(©NPK)

Publisert: 21.05.2021 11:45

Sist oppdatert: 21.05.2021 11:58

Mer om