Kort fortalt

Vil ha meir lam og kje på grillen

Kjøtbransjen vil ikkje at lam og kje berre skal vere julemat.

NPK
25.06.2021

Lam og kje er populær mat til jul og påske, men kanskje ikkje det dei fleste av oss knyter til sommar og grill. No vil Norsk Sau og Geit (NSG), Nortura og Fatland endre det.

– Vi ønsker å utvide bruksområde for sau, lam og kje. Mange knyter sauen til fårikål og pinnekjøtt, men det eignar seg også godt som grillmat, seier Urda Blichfeldt i Norsk Sau og Geit til Nationen.

Laurdag 26. juni skal NSG, Fatland og Nortura arrangere nasjonal grillfest.

– Det vil bli brukt ulike løysingar og vi oppmodar folk til å inviterer på grillfest. I tillegg vil det bli konkurransar, premiar og vi skal dele fleire oppskrifter som kan inspirere, seier Blichfeldt.

Publisert: 25.06.2021 14:08

Sist oppdatert: 25.06.2021 14:09