Kort fortalt

Vil ha meir pengar til oppdrettsforsking.

LO og Ap meiner det offentlege må bidra meir.

15.04.2016
ID: 12274217
(NPK-NTB): LO-leiar Gerd Kristiansen vil ha meir offentlege pengar for å stimulere til forsking og teknologiutvikling i havbruksnæringa.
Rekordhøge lakseprisar bidreg til store overskot i oppdrettsselskapa, men prisauken er ikkje berre godt nytt. Ei av årsakene er at styresmaktene held igjen veksten inntil næringa får kontroll på lakselus og andre problem, skriv .
Nullvekst gjer at næringa ikkje klarer å utvikle seg, seier Sven Amund Fjeldvær, som er sjef for Lerøy Midt. Torsdag hadde han besøk av LO-leiaren og Arbeidarpartiets partisekretær Kjersti Stenseng.
Kristiansen seier ønsket om framleis vekst må balanserast med skjerpa miljøkrav, som ho seier berre vil bli strengare. Ho meiner det offentlege må bidra gjennom å stimulere til meir forsking og utvikling.
– Det offentlege må vere villige til å satse endå meir pengar på forskingssida og vere med på å byggje eit næringspolitisk verkemiddelapparat som kan vere med å bidra, seier ho. Det er eitt av fleire punkt organisasjonen og Ap meiner vil bidra til auka sysselsetting og utvikling. Andre punkt er å styrke utdanninga, utnytte restråstoff betre og stimulere til foredling og tilverking på land. (©NPK)

Publisert: 15.04.2016 08:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46