(NPK-NTB): Regjeringa ønskjer å opne for vasskraftutbygging også i verna vassdrag. Argument for dette kan vere samfunnsnytte eller dersom miljøkonsekvensane blir rekna som «akseptable».
Det kjem fram i , som vart lagt fram fredag.
– Vasskrafta har vore ein berebjelke i utviklinga av det moderne Noreg. I åra framover blir vasskrafta endå viktigare. Behovet for fleksible energiløysingar aukar i takt med omstillingane i energimarknadane, seier olje- og energiminister Tord Lien (Frp).
I hovudsak ligg verneplanen for vassdrag fast, blir det understreka. Men regjeringa opnar likevel for unntak.
«I særskilde tilfelle med stor samfunnsnytte og akseptable miljøkonsekvensar kan det vere aktuelt å opne for konsesjonsbehandling av vasskraft i verna vassdrag. Eksempel kan vere der ei utbygging gir stor flaumdempande effekt eller stor produksjon av regulerbar kraft», heiter det i ei pressemelding. (©NPK)

Publisert: 15.04.2016 15:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46