Kort fortalt

Vil ha vekk verstingane

Strammar opp bilverkstadar som slurvar.

09.02.2017
NPK: Bileigarar risikerer å få bilen avskilta på grunn av slurvefeil hos verkstadane. No vil Vegvesenet nekte verstingane å utføre EU-kontrollar.
– Vi stoggar stadig bilistar som ikkje har gyldig EU-kontroll, sjølv om dei har vore innom ein verkstad for EU-godkjenning. Dette er alvorleg, seier Erlend Røysum, seksjonsleiar for tilsynsseksjonen i Statens vegvesen, region Vest, til NRK.
Ein del verkstaden gløymer nemleg å registrere EU-kontrollen i Vegvesenet sine system. Bilverkstader er plikta til å rapportere kontrollresultatet inn til Vegvesenet.
Takka vere det nye skiltgjenkjenningssystemet har Vegvesenet sine utekontrollar blitt veldig effektive. I fjor stoppa Vegvesenet rekordmange bileigarar som ikkje har hatt bilen inne til EU-kontroll.
Men nokre er ganske uskuldige når Vegvesenet kjem med tanga. I fleire tilfelle har det vist seg at bilen er EU-godkjent, men at verkstaden ikkje har rapportert det til Vegvesenet.
– EU-kontrollen er ein her-og-no-kontroll. Det er veldig uheldig at nokon vel å godkjenne ein bil, til dømes eit halvt år etter at han var i kontroll, seier overingeniør Kristian Andre Sæbø ved tilsynsseksjonen i Vegvesenet, region Vest.
Statens vegvesen vil no slå hardt ned på slurv med papirarbeidet. Verkstader som fleire gonger sender frå seg papira etter at bilen har forlate verkstaden, risikerer å bli nekta å gjere EU-kontrollar.

Publisert: 09.02.2017 15:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42