Vil ikkje senke drivstoffprisen
Halve Europa har allereie gjort det.
Senterpartiets finanspolitiske talsperson på Stortinget erkjenner at situasjonen rundt drivstoffprisane er «ubehageleg». Likevel er budsjettbalansen og fare for overoppheting og høgare renter grunnar som gjer at det ikkje er aktuelt å redusere drivstoffprisane i Noreg.
I mai kutta svenske styremakter drivstoffavgifta med 1,30 kroner per liter. Tidlegare har Danmark , Austerrike, Frankrike, Luxembourg, Italia, Irland, Storbritannia, Polen, Nederland og Spania teke ulike grep for å dempe pumpeprisane, skriv NRK.
Også Tyskland har denne månaden sette ned avgiftene til eit minimumsnivå.
Fredag slo finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) fast at «det ligg ingen endringar drivstoffavgiftene i vårt skatte- og avgiftsopplegg no».
I resonnementet til regjeringa er det budsjettbalansen og faren for overoppheting og høgare renter som gjer at det ikkje er aktuelt å redusere drivstoffprisane.
Senterpartiets finanspolitiske talsperson på Stortinget, Geir Pollestad (Sp), erkjende at situasjonen var «ubehageleg» og det er «ei vanskeleg pedagogisk øving» å snakke om dyrtid, «rentespøkjelse» og nøysemd når norsk økonomi går godt.
– Det går svært godt i Noreg, og då må vi ta ned pengebruken, seier Pollestad til NRK.
Han la til at det vil koste staten 12 milliardar å kutte drivstoffprisen med 4 kroner, og at den sosiale gevinsten er større ved å kutte i straumprisen enn i drivstoffprisen.
Publisert: 13.06.2022 10:30
Sist oppdatert: 13.06.2022 10:32