Kort fortalt

Vil kjempe for lågare bompengesatsar

Bedrifter på Nordøyane er misnøgde.

15.06.2022

Næringslivet på Nordøyane er bekymra for dei høge bompengesatsane som er førespegla og vil kjempe for at øyfolket skal sleppe billigare unna, skriv avisa Nordre.

Ein rapport frå Deloitte viser at fylkeskommunen vil spare kring to milliardar – og truleg meir på bygging av Nordøyvegen.

– Staten tener pengar og fylket tener pengar. Det vart sagt at Nordøyvegen ville gå utover kvalitet på vidaregåande skular i fylket. No ser vi at det er omvendt og at inntektene snart vil komme fylket og skulane til gode. No er det berre ei hake, og det er bompengekostnadane, seier Inge Huse til avisa.

Også Kjell Norvoll, dagleg leiar i Nogva Motorfabrikk og investor i Northern Island Technologies, meiner bom-pengeprisane gjer det vanskeleg å satse lokalt.

Han håpar satsane blir sett ned «dramatisk». Viss ikkje fryktar han at avskaling for bedriftene og at folk vil seie opp jobbane sine.

Publisert: 15.06.2022 23:13

Sist oppdatert: 16.06.2022 19:48

Mer om