NPK: Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar (SUA) registrerte 127.638 førespurnader i 2016. Dette er ein auke på om lag 16.000 frå året før.
Fleirtalet av dei besøkjande kjem framleis frå Polen, etterfølgt av personar frå India, Tyskland og Litauen.
Servicesetra legg til rette for at utanlandske arbeidstakarar skal komme raskt i lovleg arbeid i Noreg og er eit samarbeid mellom Arbeidstilsynet, politiet, Skatteetaten og Utlendingsdirektoratet (UDI).
Det er etablert SUA i Oslo, Bergen, Stavanger, Trondheim og Kirkenes. Her behandlast blant anna søknader om opphaldsløyve, skattekort og meldingar om flytting, i tillegg til at dei besøkjande får informasjon om rettar og plikter i norsk arbeidsliv.

Publisert: 20.04.2017 20:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42